NAV Marknad og inkludering – nytt team i region Sogn

20. april var oppstarten for det regionale markands- og inkluderingsteamet i NAV region Sogn. 

Det nye teamet skal bidra til å styrke og utvikle tenester, relasjonar og samarbeid med arbeidsgjevarar i alle dei seks kommunane i regionen vår, fortel Sara Christine Johnsborg, leiar NAV region Sogn. 

– Med felles rutine og arbeidsmetodikk i heile regionen blir alle som er tilmeldt NAV møtt med positive forventningar til arbeid, og fleire kjem raskt i gang med å søke jobb. I tillegg får vi avklart raskare kven som treng meir bistand for å kome i arbeid, fortel teamkoordinator Jonas Førde Grotle.  

Det er eit mål at det nye teamet skal styrke inkluderingsarbeidet i heile regionen. NAV Marknad og inkludering får mellom anna ansvar for å inngå avtale om «Vi inkluderer!» med fleire bedrifter. 

– Saman med rettleiarar i NAV-kontora skal vi finne løysingar for dei som treng mest hjelp for å få innpass i arbeidslivet. Ved å jobbe på denne måten vil vi få god oversikt over behov og ønskje hos både bedrifter og arbeidssøkarar. Slik får vi eit endå betre grunnlag for å starte skreddarsydde opplæringsløp med mellom anna NAV, Vestland fylkeskommune og næringslivet, seier Kine Lindstrøm Bolme i NAV Marknad og inkludering.  

Ta kontakt med NAV Marknad og inkludering om bedrifta di 

  • Har behov for rekruttering
  • Ønskjer å legge til rette for inkludering på arbeidsplassen 
  • Har spørsmål om tilrettelegging 
  • Ønskjer tips til korleis nytte arbeidsplassen.no meir effektivt

Marknadskontaktane i region Sogn er: Kine Lindstrøm Bolme. E-post: Kine.lindstrom.bolme@nav.no, mobil 955 24 489.