Nav Vik Miljøfyrtårn-sertifisert

Nav Vik har offisielt blitt Miljøfyrtårn-sertifisert. Dette er ikkje berre eit stempel – det er eit bevis på at vi tek miljøansvar på alvor og aktivt bidreg til den grøne omstillinga.

Det som kanskje overraska oss mest i arbeidet, var at miljøomgrepet handlar om meir enn vi fyrst tenkte. Sertifiseringa omfattar ikkje berre ytre miljø, men også arbeidsmiljøet vårt. Det betyr at vi har jobba med tiltak som gjer kvardagen betre for både naturen og oss som jobbar her.

Gjennom Miljøfyrtårn-sertifiseringa har vi gjennomført konkrete tiltak for å redusere miljøpåverknaden vår – alt frå energibruk og avfallshandtering til gode arbeidsrutinar. Sertifiseringa er gyldig i tre år, og vi forpliktar oss til å halde fram med å forbetre oss og rapportere på miljøarbeidet vårt.

Sertifiseringa er eit resultat av samarbeid, engasjement og vilje til endring. Dette er eit arbeid vi er stolte av!
Vi vil også nytte høvet til å ønskje alle ei fin høgtid – og hugs: blankt julepapir skal i restavfall, medan gråpapir, kraftpapir og naturpapir skal i papir- og pappavfall. 🎄♻️