No kan frivillige organisasjonar søkje om midlar til lokalsamfunnsutvikling
Her kan innbyggjarar søkje tilskot til prosjekt som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur.
LivOGLyst er eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland.
Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak. Ein kan finne meir informasjon under lenkja over.
På måndag 21. september 2026 kl 18-19 inviterer fylkeskommunen til eit digitalt informasjonsmøte om programmet. Informasjon om påmelding finn du her.
LivOGLyst-prosjekt ville også passe veldig bra som oppfylging av mål og strategiar i den nye samfunnsdelen til kommuneplanen 2026-2037, etter denne er vedteken no i september 2026.
Kommunen sin kontaktperson i samband med ev. LivOgLyst-prosjekt blir areal- og samfunnsplanleggjaren Karen Weichert, karen.weichert@vik.kommune.no .
Publisert 17.09.2026 08:48
Sist endra 17.09.2026 08:48