NRK TV-aksjonen - Flyktninghjelpen
Støtt TV-aksjonen for Flyktninghjelpen søndag 18. oktober.
Søndag 18. oktober vert årets TV-aksjon arrangert. Mellom klokka 16:00 og 19:00 vil engasjerte bøsseberarar gå rundt i heile Vik kommune for å samle inn pengar til ei utruleg viktig sak.
Kven går pengane til?
Årets innsamling går til Flyktninghjelpen (NRC). Dette er den største humanitære organisasjonen i Noreg, og ein av dei leiande i verda. Organisasjonen har høg gjennomføringsevne. Dei er til stades direkte i krigs- og konfliktområde.
Innsamla midlar går i år til prosjekt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo). Målet er å hjelpe 400 000 menneske i desse områda.
Kva bidreg du til?
Pengane som vert samla inn skal sikre menneske på flukt fire heilt grunnleggjande behov:
- Ein trygg heim: Reparere og setje i stand øydelagde hus, byggje nye, varige telt og meir robuste bustader tilpassa lokale forhold.
- Reint vatn: Sikre reint drikkevatn og gode sanitærforhold for å hindre sjukdom.
- Utdanning: Skape trygge skuleplassar og gje skulemateriell til born som har mista utdanninga si på grunn av flukt.
- Arbeid og inntekt: Kursing og støtte slik at vaksne kan skaffe seg ein jobb og forsørgje familien sin på eiga hand.
Vik kommune oppmodar alle innbyggjarar om å ta godt imot bøsseberarane på søndag. Du kan gje kontantar på bøssa eller Vippse til 2133.
Vil di bedrift bidra?
Lokale verksemder og organisasjonar i Vik kan også støtte årets TV-aksjon. Bedrifter kan enkelt registrere og gje sitt bidrag direkte på giverstafett.no.
Publisert 15.10.2026 12:08
Sist endra 15.10.2026 12:08