Ny psykisk helseteneste for barn, unge og familiar Vik kommune

Vik kommune ynskjer innspel til ny psykisk helseteneste for barn,unge og familiar.

Vik kommune er i gang med å planleggje ei ny psykisk helseteneste for barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira.Tenesta skal kome i tillegg til den eksisterande helsestasjons- og skulehelsetenesta. No ynskjer me å høyre kva behov barn, ungdom og føresette har, og kva slags hjelp og støtte dei meiner kommunen bør tilby.


Målet er å utvikle eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod utan krav om tilvising, der barn, unge og familiar kan få tidleg veiledning, hjelp og oppfølging. Tenesta skal tilby behandling ved lette til moderate psykiske plager hjå barn og unge. Me ynskjer at fleire skal kunne få hjelp i eigen kommune, og at det skal bli enklare å finne fram til andre tenester ved behov.


Arbeidet tek utgangspunkt i den nasjonale rettleiaren Psykisk helsearbeid barn og unge frå 2023. Den nye tenesta kan til dømes gi hjelp ved angst, bekymringar og andre psykiske vanskar, støtte ved utfordringar i familien, foreldrerettleiing, hjelp til barn som er pårørande og oppfølging ved skulefråvær. Aktuelle tilbod kan vere individuelle samtalar, familiesamtalar og gruppetilbod. Kva tenesta skal innehalde, er enno ikkje bestemt. Difor er det viktig å kartleggje behova til barn, unge og familiar i Vik.


Som ein del av satsinga er det òg planlagt ein psykologressurs i 20 % stilling frå januar 2027.
 

For å få eit godt grunnlag for planlegginga gjennomfører kommunen tre korte spørjeundersøkingar:

  • For elevar på 5.–7. trinn
  • For elevar på 8.–10. trinn
  • For føresette med barn og ungdom i alderen 0–18 år

 

Elevane får høve til å svare digitalt på skulen, medan føresette får tilsendt lenkje til undersøkinga gjennom dei digitale kommunikasjonskanalane til barnehagane og skulane. Svara skal brukast som ein del av kunnskapsgrunnlaget for utviklinga av den nye tenesta.

Me håpar så mange som mogleg vil delta. Dine innspel er viktige for at me skal kunne utvikle eit tilbod som møter behova til barn, unge og familiar i Vik kommune!