Odd Borlaug 107 år

Noregs eldste mann bur i Vik kommune. 

Ordførar Roy Egil Stadheim hadde med seg leiar i Eldrerådet Oddvar Tryti og konst. kommunedirektør Siri Fahlvik Pettersen på besøk til Odd Borlaug i samband med at han har fylt 107 år. 

Det var eit flott møte med ein 107 åring som fortalde om at han framleis lagar middag til seg sjølv fleire gonger i veka. Han gler seg til laksefiske startar i juni, og han viste fram Hærenes fortenestemedalje som han fekk for innsatsen under kampane i Valdres i 1940. 
Sonen til Odd Borlaug bur på Leikanger, og hadde teke turen innom då kommunen kom på besøk. Vik kommune er stolt over å ha ein så flott 107 åring som Noregs eldste mann.