Offentleg høyring - Strategiplan for frivilligsentralen i Vik kommune

Etter dialogmøte i april vart det bestemt at strategiplanen for frivilligsentralen i Vik kommune skal leggjast ut på høyring, slik at den som ynskjer kan gje innspel. 

Strategiplanen skal leggjast fram for kommunestyret i juni, og me ber difor om innspel til planen innan 20.05.22. Me ber også om framlegg til aktuelle kandidatar til styret i frivilligsentralen. Strategiplanen og skjema for innsending av innspel finn du ved å fylgje denne lenkja. Ein kan også sende innspel til Vik kommune, Pb. 134, 6891 Vik i Sogn, eller som e-post til: postmottak@vik.kommune.no (merk innspel med saksnr 22/508).