Open dag på Vik helse- og omsorgssenter
Torsdag 15.05.25 klokka 14:00 markerar me opning og innflytting av bygg D og F i VHO-prosjektet.
Byggetrinn 2 er ferdig, og dei nye bygga inneheld mellom anna sjukeheimsavdeling tilrettelagt for somatisk sjuke, Flatbygdi dagsenter, fotpleielokale, nytt storkjøkken, vaskeri, hjelpemiddellager, garderobar, administrasjon med meir.
Det vert markering i samband med kommunestyremøtet som skal haldast i det flotte allrommet vårt denne dagen.
Helse og velferd ynskjer å invitera alle innbyggarar til OPE HUS med kaffi, kaker og mogelegheit til å sjå seg rundt i lokala!
Hjarteleg velkomne!
Publisert 09.05.2025 14:23
Sist endra 09.05.2025 14:23