Opning av Fresvik barnehage

25.juni 2024 var det offisiell opning av Fresvik barnehage.

Ordførar Roy Stadheim tok seg god tid i møte med ungane før opninga. Dei fekk hjelpa til med å opna den spennande kofferten der «ordførarsmykke» låg. 

Under opningstalen takka ordføraren arkitekt, leverandører og ikkje minst dei tilsette, foreldre og born, som har venta på å få på plass eit betre bygg. Etter snorklypping og flott song frå ungane, var foreldre, føresette og gjester invitert på kaffe og kaker ute i sommarvarmen til hyggelege pynta bord i vakre Fresvik.

Bilder frå opninga: