Oppdatering av gardskart – bønder følg med!

No er det sesong for oppdatering av kartet for arealressursane i gardskart.

Difor kjem vi med ei oppfordring til alle produsentar om å gå inn på gardskart for å sjekke arealet ein driftar, og gi beskjed til sakshandsamar i Vik kommune, Guro Bakkerud, (helst per e-post) om det er noko som skal endrast. Frist for å melde inn feil 30.06.25.
 

Kontakt info. Guro Bakkerud, e-post: guro.bakkerud@vik.kommune.no eller tlf: 47677996
 

Kvifor skal ein sjekke arealressursane ein nyttar?
Gardskart sitt hovudkart lag AR5 er eit arealressurskart, som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Det vil seie markslag som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Opplysingane i gardskartet er grunnlag for utbetaling av ulike tilskot i landbruket. 
Kvifor frist?
Kommunane har frist til å oppdatere gardskartet i slutten av august.  For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, må de sende kart innan 30. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetålande urter og gras. Seinare på hausten kan plantene tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt. 
Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen? 
For å vere sikker på å få areala registrert i gardskartet, same år som endringa skjer, må du melde i frå seinast 30. juni. Dersom du melder i frå etter fristen, risikerer du at gardskartet ikkje vert oppdatert før neste år.