Oversyn over lag og organisasjonar

Vik kommune vidarefører oversynet over lag og organisasjonar i kommunen, og treng hjelp frå dei ansvarlege leiarane i laga og organisasjonane.

Me lanserte 15. desember ny nettstad for kommunen, og treng no hjelp frå ansvarlege leiarar i frivillige lag og organisasjonar til å gjenskapa eit oppdatert oversyn over lag og organisasjonar i kommunen.

Tilgang til alt som har med registrering og vedlikehald av laget/organisasjonen din å gjera, finn du under hovedmenyen øvst til høgre på nettsida vår. Nedanfor kan du lesa korleis du kjem i gang med å registre brukar, registre laget eller organisasjonen din, og med å publisere aktivitetar i kulturkalenderen vår.

Registrering av lag eller organisasjon

Lag og organisasjonar kan sjølv opprette ansvarleg brukar og registrere laget/organisasjonen sin. Dette gjer du slik:

  1. Opprett ny brukar og registrer laget ditt ved å følgje denne lenka.
  2. Når me har godkjent brukaren din og laget/organisasjonen, kan du logge på tenesta.
  3. Dersom du treng hjelp, eller har spørsmål, kan du kontakte oss på publisering@vik.kommune.no eller på telefon 57 69 82 00.
     

Pålogging, endring og registrering av arrangement