Planprogram for regional plan for senterstruktur og berekraftig lokalsamfunn - høyring

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har vedteke å sende framlegg til planprogrammet på høyring og offentleg ettersyn.

Fylkesutvalet vedtok 17.06.22 å sende framlegg til planprogram for Regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn 2023 - 2035 på høyring og offentleg ettersyn. 

Planprogrammet er ein «plan for planen» og gjer greie for føremålet med arbeidet, plantema, planprosessen med fristar og deltakarar, medverknad, alternativ som vert vurderte, og behovet for utgreiingar.

I utviklingsplan for Vestland 2020-2024 står det:

"Ein ny regional plan for senterstruktur for Vestland er eit viktig strategisk verktøy for å legge til rette ein balansert vekst og helsefremjande lokalsamfunn i heile fylket. Planen skal samordne lokalisering av bustader, arbeidsplassar, tenester, service og handel. Eit viktig mål er å peike ut regionsenter som skal vere motor og drivkraft i sine omland, og bidra til verdiskaping og konkurransekraft, sterke bu- og arbeidsmarknader, og utjamning av sosial og økonomisk ulikskap. Ei tenleg arbeidsdeling mellom senter med ulik storleik og funksjon, vil bidra til ei berekraftig og konkurransedyktig samfunnsutvikling, og gjere det mogleg å drive næring og leve gode liv i heile fylket."

Meir om planen og planarbeidet samt høyringsprosessen kan du lese på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

Kva meiner du?

Vestland fylkeskommunen inviterer alle til å gje høyringsinnspel. Særleg ønskjer dei tilbakemelding på:

  • Val av plantema.
  • Problemstillingar som er viktige innan dei føreslegne plantema.
  • Medverknad i planarbeidet.
  • Andre relevante innspel i planarbeidet.

Innspel kan du senda på Vestland fylkeskommune si nettside.

Det blir også ei sak om denne høyringa på møtet i Vik formannskap 29.8.2022.