Prøveordning for renovasjonsløysing på plass for Strendene
Ein samarbeidsavtale mellom Norled, Simas og Vik kommune gjer at allereie denne veka startar Simas opp ei etterlengta løysing for renovasjon til dei fastbuande på Strendene.
Kvar onsdag i oddetalsvekene vil Tansøy ha container for anten papir/plast eller restavfall som kan nyttast av dei fastbuande. Containeren blir tatt i mot på kaien av Vik kommune - som syter for at den blir levert til Simas - og at ny rett container blir levert tilbake til Tansøy.
Rutetabellen fremover ser slik ut:
Dei tilbodet gjeld for blir også varsla på SMS frå Vik kommune i dag.
Publisert 02.07.2024 10:58
Sist endra 02.07.2024 10:59