Restriksjonar mot vatning

På grunn av svært høgt forbruk, må vi innføre restriksjonar mot vatning i private hagar.

Vi opplever eit forbruk som ligg høgare enn det vassverka våre klarar å produsera, og utan restriksjonar vil vi risikere eit kritisk lågt nivå på reintvassreservane våre.
Det er ikkje anledning til å nytte vasspredar eller slange for vatning i private hagar, vatning med kanne eller liknande er tillat.

Restriksjonane gjeld frå og med i dag fredag 9. juni, og gjeld inntil ny melding blir gitt.

Restriksjonane gjeld alle abonnentar knytt til Vangsnes og Refsdal vassverk, dei det gjeld blir varsla på sms frå kommunen.