I år har svært mange jegerar sjølv registrert fellings-rapportane/sett-og-skutt-rapportane elektronisk. Det er veldig bra, tala vert truleg meir rett, og det sparar kommunen for mykje arbeid.
Tildelte og felte hjotrt i Vik kommune 2014-2022
Sidan dette var fyrste året i ny bestandsplanperiode for Vik hjorteviltområde og deira bestandsplan opnar for høgare uttak enn tidlegare, vart det 600 tildelte løyve totalt i kommunen dette året. Høg løyvetildeling er litt av årsaka til at fellingsprosenten vart 78 %, noko som er lågare enn vanleg i Vik (95 % i 2021, 89 % i 2020).
Fordelinga på klassar vart: Målsetjinga i bestandsplanen er:
36% kalv (19 + 17) 25% kalv
15 % spissbukk 18 % spissbukk
12 % 1 ½ koller 17 % 1 ½ års koller
17% eldre bukk 20 % vaksen bukk
20% eldre koller 20% eldre koller
Det er altså felt mykje kalv, ein god del vaksne koller og ein desto lågare andel bukk og ungkoller. Tabell med resultat på valdnivå finn du under.
Felte hjort i Vik kommune
Fri kalveavskyting:
I år var me med på prøveordninga med fri avskyting på kalv. Tabellen her viser kor mange % av alle felte hjort som var kalv (hannkalv + hokalv) dei siste åra og totalt antal felte dyr.
Dersom ein reknar med at det ville vore 28% felte kalv utan fri avskyting, men vart 36 % med (19% + 17 %), har andel felte kalv auka med 8%. Det tilsvarar ca. 37 fleire felte kalvar enn normalt ved 468 felte dyr.