Send ditt innspel til NVE!

Vik kommune oppmodar alle som har innspel til dei planlagde kraftleidningstiltaka til å sende høyringsinnspel til NVE innan fristen 7. januar 2026.
 

NVE treng kunnskapen vår lokalt for å treffe rett vedtak. Informasjon om korleis ein kan gje innspel finn du på NVE sine nettsider for kvar enkelt søknad:

På sidene om søknadane er det også ei lenkje til NVE si innsynsløysing (eInnsyn), som du kan bruke for å sjå allereie innkomne innspel. Det kan jf. NVE ta nokre dagar før eit innsendt innspel visast her. 

Desse presentasjonane blei viste på folkemøtet i Vik 3.12.2025:

Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) informerte på møtet om prosessen og vidare saksgang. Du kan lese meir om dette på NVE sine nettsider:
Hva er konsesjonsbehandling? - NVE

Kort om prosessen for kommunen si høyringsuttale
Det blir jobba med eit høyringsinnspel frå kommunen i ei administrativ arbeidsgruppe. Kommunen sin sakshandsamar for høyringsinnspelet er Karen Weichert. Innspelet må sendast innan ordinær høyringsfrist, sidan kommunen fekk avslag på søknad om fristutsetjing.
Vi brukar innsynsløysinga til NVE for å sjå på allereie innkomne innspel, for å ev. inkludere dei i kunnskapsgrunnlag for kommunen si uttale.
Høyringsuttalen til kommunen skal også handsamast politisk etter høyringsfristen, på fyrste kommunestyremøtet 2026. Kommunen har fått moglegheita til å ettersende det politisk handsama innspelet, som då vil erstatte det som blei sendt innan fristen.