Sikring av fv. 5602 i Vidhammarbukti er ferdig

Prosjektet med sikring av Fv. 5602 mellom Feios og Fresvik er ferdig, og det som står att er rydding og noko asfaltering. Asfaltering blir gjort i samarbeid med prosjektet lenger mot Fresvik, men det skal kun føre til korte stopp for dei som nyttar vegen. 

Takk for godt samarbeid og konstruktive tilbakemeldingar frå dykk som brukar vegen, det har gjort det lettare å få til stengningstider som alle kan «leva med», og som har gjort at me har fått gjennomført sikringsarbeidet før den verste sommartrafikken kjem. 

Arbeid lenger mot Feios pågår endå. Oppdatering finn de på www.175.no 

Svein Jarle Slinde
Byggeleiar
vedlikehald, drift og beredskap
infrastruktur og veg

Vestland fylkeskommune