Siri er tilsett som kommunedirektør

Onsdag 25. september gjorde eit samrøystes kommunestyre vedtak om å tilsetja Siri Fahlvik Pettersen fast som kommunedirektør i Vik kommune.

Siri har sidan mars 2024 vore konstituert som kommunedirektør, og er den fyrste kvinnelege kommunedirektøren i kommunen vår. Ordførar Roy Egil Stadheim seier at han er særs nøgd med at Vik kommune har fått Siri som kommunedirektør, og at ho var den klårt beste kandidaten til stillinga.
 

Vi gratulerer Siri med jobben, og ynskjer ho lukka til med det viktige arbeidet!