Sogn Sparebank inviterer til gratis bading

Sogn Sparebank ynskjer å bidra til at Sogn blir ein endå betre stad å bu og vekse opp i. 

For å spreie litt juleglede rundt om i bygdene våre, og samstundes bidra til god folkehelse i ei travel tid, bidreg banken med gratis inngangsbillettar til symjebassenga i Aurland, Årdal og Vik. 
Tilbodet gjeld for alle i desember og januar, og me håpar mange vil nytte seg av tilbodet.

Me nyttar høve til å ynskje alle ei riktig god førjulstid.  

Beste helsing alle oss i Sogn Sparebank