Søk om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket

Søknad om produksjonstilskot kan leverast frå og med teljedato 1.mars (del 1).

Søknadsfrist: 15.3.22

Ny søkjar?

Dersom du søkjer for første gong, tilrår vi at du tek kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen. Dei kan rettleie deg om søknadsprosessen og hjelpe deg med førebuingane. 

Søknadsskjema

Gå til skjemaet produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn  

I søknadsskjemaet finn du hjelpetekstar som gjev deg rettleiing om felta du skal fylle ut. Hjelpetekstane finn du ved å klikke på dei blå spørsmålsteikna.

Her finn du søkjerettleiing for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. I søkjerettleiinga finn du forklaring på korleis du fyller ut søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Rettleiinga går kronologisk gjennom søknaden.