Søk på nytt tilskot til klimarådgjeving
Tilskot til klimarådgjeving har vore ein del av RMP-tilskota til og med søknadsomgangen i 2025. Frå no er ny tilskotsordning på plass.
Kven kan søkje
For å motta tilskot til klimarådgjeving, må søkjar:
- Vere eit jordbruksføretak som fyller vilkåra for å motta produksjonstilskot og avløysartilskot.
- Ha fått klimarådgjeving til eigen jordbruksproduksjon. Rådgjevinga skal vere gjennomført etter eit rådgjevingsopplegg godkjent av Landbruksdirektoratet.
- I løpet av rådgjevinga fått laga ein plan for tiltak som skal redusere føretaket sin klimabelastning og betre føretaket sin moglegheit til å tilpasse seg eit endra klima.
Føretak som har gjennomført klimarådgjeving etter søknadsfristen for RMP i 2025, kan søkje om tilskot til klimarådgjeving når søknadssystemet opnar i løpet av første halvdel i 2026. Tiltaksplanen skal ikkje leggjast ved søknaden, men må kunne visast fram ved kontroll. I søknadsskjemaet skal søkjar skrive inn diverse opplysningar frå tiltaksplanen.
Korleis søkje
Trykk på denne lenkja for å logge deg inn. (Altinn-pålogging).
Det er mogleg å søkje på papir om søkjar ikkje har høve til å søkje digitalt. Papirskjema er klart i første halvdel av juli.
Det er ingen søknadsfrist, føretaka kan søkje fortløpande gjennom heile året.
Rettleiing / informasjon om søknad
Forskrifta for tilskot finn du på lenkja her
Dersom du treng søkje om dispensasjon, eller har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med Statsforvaltaren i Vestland, tlf 576 43 000 (sentralbord).
Publisert 01.07.2026 12:45
Sist endra 01.07.2026 14:26