Søknad om regionalt miljøtilskot (RMP) 2022

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søke om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søke om tilskot til drift av beitelag.

Søknadsportalen er alt opna (15. september), og søknadsfristen er 15. oktober.

For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november. Beitelaga skal søkje på eige skjema.

Omtale av regionale miljøtilskot - Vik kommune:

  • Drift av bratt areal 
  • Slått av verdifulle jordbruksareal (gjeld slått av dyrka mark utan vegforbinding) 
  • Slått av slåttemark (gjeld slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase) 
  • Skjøtsel av truga naturtypar (gjeld beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase) 
  • Skjøtsel av styvingstre (gjeld styvingstre styva i søknadsåret) 
  • Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove) 
  • Drift av seter (gjeld drift av støl med mjølkeproduksjon) 
  • Skjøtsel av automatisk freda kulturminne 
  • Kantsone i eng I Vik kommune gjeld tiltaket kun for kantsone rundt elva Hopra.
  • Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
  • Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange (gjeld berre i samband med nedfelling eller nedlegging) 
  • Tilskot til klimarådgjeving


For beitelaga:

Drift av beitelag i eige søknadskjema

Informasjon og søknadskjema finn de i lenkja her på heimesida til Statsforvaltaren.

Til toppen