Søknadsomgangen for tilskot til regionalt miljøprogram (RMP) opnar 15. september

Søkjer du om produksjonstilskot i jordbruket, og har landbruksproduksjon i Vestland, har du høve til å søkja på regionalt miljøprogram (RMP). 

For å nå i tilskot må du oppfylla dei ulike vilkåra som gjeld for dei enkelte tiltaka, og føretaket ditt må vera registrert i einingsregisteret. Les meir om registreringa av enkeltpersonforetak her. 

Frist for å søkje er 15.10.24 for private, og 15.11.24 for beitelag. Private føretak kan redigera i søknad innsendt innan 15.10.24 inntil 29.10.24 utan trekk i tilskot. Tiltaka for i år er dei same som for år 2023.  All informasjon om RMP for deg som søkjar ligg samla på temasida til Statsforvaltaren i Vestland, som du finn ved å fylgje denne lenkja. 

Søknadsomgangen er open frå 15.09.24, og lenkja her går til søknadskjema i Altinn.

Me på landbrukskontoret i Vik kommune oppmodar om at du søkjer på ordninga tidleg. Me tek gjerne imot spørsmål, og kan prøve å rettleie deg undervegs.

Lukke til!