Stenging av FV5602 i Feios

Vegen blir stengt i periodar frå tysdag 10. oktober 2023.

Vestland fylkeskommune vil fortsetje punktutbetring oppover FV5602 Lundsvegen, frå krysset ved Feiosvegen og 1 km oppover Lundsvegen. Vegen blir stengt frå kl. 07:00 – 19:00. Etter kl. 19:00 er det fri ferdsel med innsnevring. Dette gjeld mandag til fredag 3 veker frå oppstart. 
Det blir skilta omkøyring via 5602 Berdal/Sambindingsvegen når arbeidet pågår.
 
Det vil bli teke omsyn til skuleelevar og mjuke trafikantar, som går forbi arbeidsområdet i tidsrommet skulestart/skuleslutt. Mannskap i arbeidsområdet tek då pause og rettleiar dei mjuke trafikantane forbi området.
 
Skuletransporten som startar i Haugavegen kl. 08:11 køyrer Lundsvegen – Åfetvegen (sjå grønn trasè under) til Feios skule med retur motsatt retning frå skulen kl. 14:05. Skulebussen er inne i stengingsområdet ca. kl. 08:05 – 08:15 og kl. 14:25 – 14:35.