Sjøtunvegen blir stengt frå måndag 10.02.2025 ved innkøyringa frå rv13, på grunn av anleggsarbeid. Stenginga gjeld frå omlag kl. 15:00.
Det blir nytt køyremønster sør for Coop. Parkering langs veggen blir teken vekk i denne perioden, slik at trafikkmønsteret blir inn og ut langs denne vegen. Parkering ved Coopkjellaren vil bli tilgjengelig via nedkøyring på baksida. Ein kan også bruke Ovestevegen, og me oppmodar dei som har aktivitet på idrettsbana om å køyre inn ved Prestgarden.
Beklagar ulempene denne stenginga kan få.

Publisert 07.02.2025 14:12
Sist endra 07.02.2025 14:12