Temakafé for kreftsjuke

Vik Kommune v/ frivilligheitsentralen og kreftkoordinator startar denne hausten opp temakafé for kreftsjuke. Dette i samarbeid med kreftforeninga.

Tilbodet er gratis og vil føregå på Vik Helse og Omsorgsenter. Kaffi, te og noko å bite i vert servert. 

Temakafé er ein uformell møtestad for både kreftpasientar, pårørande og etterlatte. Me vil bruke litt tid i starten på ulike aktuelle tema innanfor kreftomsorg/behandling. Så ynskjer me at det vert ei god stund med nokon som har/er i same situasjon. 

Det er inga påmelding – og du er hjarteleg velkommen!

Datoar:

  • 25.09.25 kl. 18.00-19.30
  • 23.10.25 kl. 18.00-19.30
  • 20.11.25 kl. 18.00.19.30

 

Les meir her (PPTX, 942 kB)