I samband med innføring av nytt regelverk for gjødselhandtering inviterer Vik kommune og Vik bondelag til informasjonsmøte på Blix hotell måndag 23. mars 2026 kl 19:30.
Tema:
1. Ny gjødselbrukforskrift – nye krav, og litt om tiltak av Martin Søgnen, Statsforvaltaren
2. Korleis bruka ny forskrift i praktisk planlegging? - Norsk landbruksrådgjeving ved Marit Henjum Halsnes.
3. Bruk av GPD og autostyring for å dosere mineralgjødslinga – Frode Voll, Hove samdrift
4. Bruk av Eana skifte – Vegard Kinden, Brekke samdrift viser praktisk bruk.
Det er mykje nytt i det nye regleverket m.a.
• journalføring av gjødselbruk (både husdyrgjødsel og kunstgjødsel).
• krav om godkjenning av innmarksbeite som skal gjødslast (både husdyrgjødsel og kunstgjødsel)
• grense for kor mykje fosfor som kan spreiast total på dyrka mark
• o.s.v
Martin og Marit kjem fysisk til Vik så det vert gode forhold for spørsmål og diskusjon.
Enkel servering, kaffi med noko attåt. Gratis.
Velkomne!
Helsing
Vik kommune ved Veronika Seim Bech og Åse Berit Balvoll
Vik bondelag ved Kristian Sætre og resten av styret
Publisert 16.03.2026 10:36
Sist endra 16.03.2026 10:36