I 2026 skal prioriteringa for hurtiglading for personbilar vere å betre dekninga i distrikta i Vestland med dårleg ladetilbod. Det er eit fokus på å gjere regionar mindre sårbare, både gjennom å oppgradere hurtigladarar med låg kapasitet, og å etablere hurtiglading på nye lokasjonar.
Lokasjonar som til dømes er spesielt aktuelle å motta søknader på i 2026 er:
- Bømlo: Moster og Finnås
- Høyanger: Høyanger sentrum, Bjordal/Ortnevik
- Kvam: Strandebarm og Ålvik
- Bremanger: Davik
- Stad: Selje
- Vik: Vik
- Stryn: Olden, Innvik, Utvik
- Gulen: I hovudsak knytt til ferjeområda/Rutledal/fylkesveg 57
- Hyllestad: fylkesveg 57, fylkesveg 607
- Gloppen: fylkesveg 615, Hyen, Hope
I 2026 skal prioriteringa av hurtiglade-infrastruktur for tunge køyretøy vere i områda rundt innfartsårene til byane, sentrale strekningar, samt strategiske industri- og næringsområde, for å sikre berekraftig verdiskaping. Desse skal utfylle Enova sine prioriterte strekningar, slik at dei supplerer og ikkje konkurrerer med Enova si ordning.
Sjå link til utlysinga.
I tillegg til støtte til hurtigladeinfrastruktur, gir fylkeskommunen òg støtte til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar. Her er det ingen søknadsfrist. Sjå link til utlysinga.
Minner òg om at Enova har mange støtteordningar knytt til blant anna tunge køyretøy. Sjå støttetilbod innan landtransport her.
Her kan bedrifter få støtte til alt frå forprosjekt for planlegging av innkjøp av elektrisk køyretøy og ladar, bedrifts/depotlading, innkjøp av elektriske tunge køyretøy osv. I samand med revidert statsbudsjett, er det lagt inn ekstra midler til innkjøp av elektriske tunge køyretøy. Erfaringa er at Enova sine støtteordninger ikkje varar så lenge, så det er viktig å nytte ordningane medan dei faktisk eksisterer.