Tilskot til tiltak i beiteområde
Vik kommune har fått tildelt kr. 130.00,- og dei tre beitelaga i kommunen har høve til å søkja om tilskot innan 1. april.
Det er i hovudsak berre dei tre beitelaga som kan søkja på tilskot frå denne potten.
Formålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Ordninga skal bidra til god beitebruk gjennom infrastrukturtiltak i utmark.
Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
Døme på aktuelle tiltak (lista er ikkje uttømmande):
- Sanke- og skiljeanlegg
- Bruer dimensjonert for dyr og folk
- Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
- Gjetarhytter/sankehytter (maks 20 kvm, enkel standard)
- Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenoder, merkesavlesarar)
Kommunen utarbeidde i fjor ein eigen strategi for bruk av tilskot til tiltak i beiteområde (PDF, 899 kB).
Satsar for eige utført arbeid i kostnadsoverslaget er:
- Manuelt utført eige arbeid (inkl.motorsag o.l.): Kr 350,- pr time
- Bruk av traktor: Kr 600,- pr time
- Gravemaskin: Kr 800,- pr time fom 4 tonn.
Midlane skal forvaltast i tråd med forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04206) - lenkje.
Du finn meir informasjon og søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine sider her.
NB! Hugs vedlegg som kart, kostnadsoverslag og liknande.
Søknadsfrist: 1. april.
Publisert 28.03.2022 12:42
Sist endra 24.01.2024 11:08