Tradisjonell juleavslutning for kommunestyret

Torsdag avslutta kommunestyret semesteret med tradisjonelt julemøte, og ordføraren delte ut prisen for Årets Vikje 2024 til Mike Pride.

Etter god stemning i drøftingane rundt dei politiske sakene, inviterte ordføraren til tradisjonell julemiddag på Blix hotell. Her delte ordrføraren ut prisen som Årets Vikje til Mike Pride.

I tillegg vart Torunn Ruud og Terje Solberg heidra for 25 års teneste for Vik kommune. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I grunngjevinga for tildeling av Årets Vikje skriv ordføraren:

Prisen for årets Vikje går i år til ein som har sett Vik på kartet med sitt engasjement for idrett, inkludering, samhald og pågongsmot.

I ei idrettsbygd som Vik er det ein stor prestasjon å starte opp med ei til no relativt ukjent idrettsgrein som rugby er i eit allereie etablert idrettsmiljø. 

Innsatsen har ført til at Vik no har fått sitt eige seniorlag som spelar i nasjonal serie samt fleire aldersbestemte lag som har delteke i ulike turneringar. Dette har til og med ført til landslagsspelarar frå Vik, både i herre- og dameklassen!

Sandrugbyturneringa Mike har skipa har vorte ein stor suksess, der lag frå det ganske inn- og utland har teken turen til bygda vår, og har vore strålande reklame for Vik!

Uansett vær og vind- og kor få deltakarar som stiller, leiar Mike treningar for både små og store fleire kvelder i veka, året rundt. Takka vera dugnadsviljen, det store engasjementet og eit smittande vesen har Mike greidd å inkludere mange som ellers ikkje ville halde på med idrett, og som kanskje aldri har teke del i organisert trening.

Som Mike sjølv seier: Rugby er for alle!

Mike Pride er verdig kandidat til utmerkinga «Årets Vikje 2024»