Ulovleg gjerde på Vikafjellet

Vik kommune har motteke fleire meldingar om gjerde rundt fritidsbustader og stølar på Vikafjellet som ikkje er i samsvar med føresegnene i kommuneplanen sin arealdel.

Vikafjellet er eit viktig beiteområde for husdyr, men og leveområde for villrein. Føresegnene er utforma for å ivareta dyrevelferd, redusere risikoen for skadar på beitedyr og villrein, og ta vare på det biologiske mangfaldet i fjellområdet.

I kommunens arealdel står følgjande i føresegnene kap. 2.3.1, punkt g og h:

g. Oppsetting av gjerde er ikkje tillate ut over naudsynt skjerming av inngangsparti for husdyr. Største inngjerda areal er 15 m2 

h. Gjerde skal vere utforma slik at dyr ikkje set seg fast. Straumgjerde er ikkje tillate.

Vi ønskjer å gjera eigarar merksame på at ulovlege gjerde kan føre til at dyr vært skadde, og i verste fall mistar livet. Vik kommune, Vik Bondelag og Vik Beitelag oppmodar difor alle eigarar til å kontrollere gjerdeløysingane på eigedomen sin. Dersom det finst gjerde som ikkje er i samsvar med gjeldande føresegner, ber vi om at desse vert fjerna eller utbetra snarast. Ved å fjerna ulovlege gjerde bidreg du til å ta vare på dyrevelferda, naturmangfaldet og dei viktige beiteområda på Vikafjellet. Saman kan vi gjere området tryggare for både husdyr, villrein og andre som nyttar fjellet.

Vik kommune i samarbeid med Vik Bondelag og Vik Beitelag