Vaksinering hausten 2026

Leveringa av influensavaksine er forseinka i år.

Frå våren 2025 er det innført eit vaksinasjonsprogram for vaksne i Noreg. Målet er å verne vaksne mot alvorlege smittsame sjukdomar. Programmet omfattar influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine til eldre og personar i risikogrupper. For meir informasjon om voksenvaksinasjon -  sjå FHI lenkje.

Kven bør vaksinere seg og kor ofte?

  • Influensavaksine: årleg til alle frå 65 år, gravide (frå veke 12) og personar i risikogrupper.
    For meir informasjon om kven som bør ta influensavaksine - sjå FHI lenkje
  • Koronavaksine: årleg til alle frå 75 år og personar i risikogrupper. Personar i aldersgruppa 65–74 år som ikkje høyrer til ei risikogruppe, kan òg få vaksinen dersom dei ønskjer det.
    For meir informasjon om kven som bør ta koronavaksine - sjå FHI lenkje
  • Pneumokokkvaksine (lungebetennelse): alle frå 65 år og personar i risikogrupper.
    -    I 2026 får personar fødde i 1961 tilbod om Prevenar 20 til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet. Tilbodet gjeld òg personar fødde i 1960 som ikkje nytta det i fjor.
    -    Andre som er tilrådde vaksinasjon mot pneumokokksjukdom, kan få tilbod om dette utanfor vaksinasjonsprogrammet til ordinær pris.
    -    Dersom du tidlegare fekk Pneumovax, kan det vere aktuelt med ei ny vurdering for vaksinasjon etter om lag fem år. Har du fått Prevenar 20 eller Capvaxive, er det vanlegvis ikkje behov for påfyll. 
    For meir informasjon om kven som bør ta pneumokokkvaksine - sjå FHI lenkje

Vaksinering på Vik legekontor

Leveringa av influensavaksine er forseinka i heile Noreg i år. Me ventar å få influensavaksinen i veke 46. Vaksinering ved Vik legekontor er planlagt i vekene 47 og 48. Me kjem attende med informasjon om datoar, tidspunkt og pris.

Kommuneoverlege 
Thuy-Anh Le Nes