Varierande kvalitet på Telenordekninga i Fresvik

Telenor har for tida varierande dekning i sitt mobilnett i Fresvik

Telenor starta arbeidet med oppgradering av basestasjonen i Fresvik til 5G alt i mai.  Dette arbeidet medfører noko varierande mobildekning i Fresvik. Telenor avslutta ikkje oppgraderinga før sommarferien, og dekninga i Fresvik er dessverre framleis dårlegare enn normalt.

Vik kommune har vore i dialog med Telenor som beklagar denne situasjonen sterkt. Telenor har lova kommunen at dei skal fullføre oppgraderinga seinast neste veke (veke 31). Etter fullført oppgradering vil dekninga vera like god eller betre enn tidlegare. I tillegg vil Fresvik få dekning i det nye 5G-nettet.