Vi har den siste tida registrert tilfelle av ureining i vassdraga i kommunen. Dette er uheldig for miljøtilstanden og kan påverka både dyre- og planteliv i vassdraga.
Vassdraga i kommunen vert jamleg overvaka gjennom prøvetaking og kartlegging utført av biologar i felt på oppdrag frå Ytre Sogn vassområde. Overvakinga er ein viktig del av arbeidet med å følgje utviklinga i vassmiljøet og avdekkje eventuelle utfordringar.
Slik melder du frå om ureining
Dersom du oppdagar forhold som kan tyde på ureining av vassdrag, ber vi om at du kontaktar teknisk vakttelefon på 41 59 44 43. Opplys gjerne om:
- Kvar observasjonen er gjort
- Kva du har observert
- Når observasjonen vart gjort
Tidleg varsling gjer det lettare å undersøkje og følgje opp moglege utslepp eller andre hendingar som kan påverke vassmiljøet.
Publisert 06.07.2026 13:35
Sist endra 06.07.2026 13:35