Vestland fylkeskommune - regionale planar ute på høyring
Vestland fylkeskommune har for tida to regionale planar ute på høyring: Regional plan for verdiskaping og kompetanse og Regional plan for areal og mobilitet.
Planane har eit 12-årsperspektiv og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket.
Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi.
Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring.
Les meir på nettsida til Vestland fylkeskommune her
Begge høyringane har frist 1. november.
Publisert 03.09.2026 14:01
Sist endra 03.09.2026 14:05