Vik kommune treng fleire bustadar til busetjing av flyktningar

IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) har oppmoda Vik kommune om å busetja 30 flyktningar i 2023.

Kommunestyret vedtok 24.03.2022 å busetja 35 flyktningar i kommunen i 2022. Den nye oppmodinga frå IMDi kjem i tillegg til dette talet. Kommunen har så langt busett 29 flyktningar dette året.

Vik kommune treng fleire bustadar som kan nyttast av flyktningane. Har du ein bustad Vik kommune kan leige og nytte til mellombels innkvartering eller til fast busetjing i kommunen, kan du melde dette inn til kommunen ved å ta kontakt med Hilde Gunn Hellen på e-post:   hilde-gunn.hellen@vik.kommune.no eller telefon: 48 02 62 98.