Vik kommunestyre vedtok 20.12.2023, i sak 119/23, nye etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde. Her kan du lese retningslinjene.
Som medarbeidar eller folkevald i Vik kommune har eg eit medvite tilhøve til:
Utøving av arbeidet eller vervet
- Eg opptrer heiderleg og viser respekt for alle menneske.
- Eg bruker fagkunnskapen min og skjønn i arbeidet, og handsamar alle likeverdig.
- Eg syter for at fortrulege opplysningar ikkje kjem på avvegar, og misbruker ikkje tilgang til informasjon. Dette gjeld også etter at arbeidstilhøvet mitt er avslutta.
- Eg er lojal i oppfølginga av administrative og politiske avgjerder.
- Eg følgjer norsk lov, interne reglar og god forvaltningsskikk.
- Eg er klar over at mine handlingar og haldningar påverkar kommunen sitt omdømme.
Openheit og dialog
- Eg lyttar til innbyggarane sine innspel gjennom dialog, brukarmedverknad og høyringar.
- Eg sikrar ålmenta sitt krav på innsyn og opptrer profesjonelt i kontakt med media i samsvar med kommunen sine retningslinjer:
- Ordførar og kommunedirektør kan uttale seg om alle tenester i kommunen.
- Kommunalsjefar kan uttale seg om sin sektorar.
- Tenesteleiarar kan uttale seg om si teneste i samråd med sin kommunalsjefen.
- Eg er medviten rolla mi som tilsett når eg ytrar meg i sosiale medium.
- Eg er særskilt merksam på å opptre lojalt i høve både politiske og administrative vedtak kommunen har gjort.
Interessekonfliktar
- Eg informerer om private tilhøve og interesser som kan påverke vedtak eller utføring av oppgåver for kommunen.
- Eg syter for at eigen habilitet vert vurdert før eg sakshandsamar eller tek avgjerd.
- Eg er open om eigarskap, verv og tilsetjingsforhold utanfor kommunen, og ulike engasjement eg har.
- Eg er medviten om at eg ikkje kan ha ekstraerverv, tilleggserver eller anna lønna oppdrag som ikkje kan sameinast med stillinga mi. Slike tilhøve skal eg alltid avklara med kommunedirektøren.
Gåver og representasjon
- Eg tek ikkje i mot gåver, arv eller andre personlege fordelar som kan påverke arbeidet mitt, eller kan vere eigna til å verte oppfatta slik.
- Eg gir eller tilbyr ikkje gåver, tenester eller andre fordelar som er meint, eller kan oppfattast som å påverke mottakaren i tenestesamanheng.
Pengar og eigedelar
- Eg er ansvarsfull i forvaltninga av brukarane sine pengar og eigedelar.
- Eg forvaltar kommunen sine ressursar på ein best mogleg økonomisk og effektiv måte, og misbruker eller sløsar ikkje med kommunen sine midlar.
- Eg tek omsyn til miljøet og bidreg til reduksjon av energibruk og klimautslepp.
- Eg skaffar meg ikkje personlege fordelar med bruk av kommunen sine ressursar.
- Eg bruker ikkje kommunen sitt driftsutstyr utan at dette er avtala med leiaren min.
Innkjøp
- Eg følgjer regelverket om offentlege innkjøp, og opptrer profesjonelt i rolla som bindeledd mellom leverandørar og kommunen.
- Eg kjøper varer og tenester via kommunen sine rammeavtalar og kontraktar i samsvar med regelverket.
- Eg følgjer kommunen sine reglar for innkjøp.
- Eg er særleg medviten ved kjøp av varer eller tenester frå personar eg har nære relasjonar til.
- Eg tek ikkje i mot særfordelar ved private kjøp av varer og tenester frå kommunen sine leverandørar.
Arbeidsmiljø
- Eg tek ansvar for å fremje eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Eg snakkar med og ikkje om mine arbeidskollegaer.
- Eg bidreg til å skape helsefremmande arbeidsplassar gjennom arbeidsglede og jobbengasjement.
- Eg har rett og plikt til å melde i frå om nesten-uhell, skade og sjukdom via kommunens kvalitetssystem.
- Eg har rett og plikt til å melde i frå om forbetringsforslag.
- Eg nyttar rett tenesteveg som til dømes verneombod/tillitsvald, næraste leiar.
- Eg tek aktivt avstand frå diskriminering, mobbing og trakassering.
Varsling
- Eg har rett og plikt til å varsle om kritikkverdige tilhøve.
- Eg er kjend med at arbeidsgjevar tek hand om den som varslar, og tek ansvar for at kritikkverdige tilhøve vert retta opp i. Den som varslar, skal ikkje verte utsett for gjengjelding.
Brot på dei etiske retningslinjene
- Eg har som medarbeidar eller folkevald i Vik kommune eit personleg og sjølvstendig ansvar for å følgje kommunen sine etiske retningslinjer.
- Er eg i tvil, så kontaktar eg leiaren min.
- Eg er klar over at brot på dei etiske retningslinjene kan få konsekvensar for arbeidstilhøvet eller vervet mitt.
Publisert 10.07.2024 10:56
Sist endra 10.07.2024 10:58