eDialog - elektronisk post

Du kan no sende elektronisk post til kommunen på ein sikker måte. Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive og teiepliktige opplysingar.

Korleis bruke eDialog

  • Bruk lenkja under.
  • Logg inn med ID-porten.
  • Du kan no skrive tekst, og laste opp vedlegg i skjemaet.
  • Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten.

 

Send eDialog til Vik kommune her

Slik sender du inn skjema

  • Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *).
  • Vel om du er privatperson eller verksemd.
  • Skriv i «tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev.
  • I feltet «kommentar» skriv du teksten.
  • Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta.
  • Klikk på «send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Vik kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post.

Når kan du bruke vanleg e-post?

Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysingar.