Faktura

I denne artikkelen finn du informasjon om vår fakturabehandling, både faktura til Vik kommune og faktura frå Vik kommune.

Faktura til Vik kommune

Vik kommune ønskjer å motta faktura elektronisk (EHF). Vår EHF-adresse er: 0192:937498764. Me godtek også faktura på e-post i PDF-format og faktura på papir. Har du spørsmål om levering av faktura til Vik kommune, ta gjerne kontakt med oss. Du finn kontaktinformasjon i tabellen nedanfor.

Faktura frå Vik kommune

Vik kommune kan ikkje avgjerda kva kanal du skal få fakturaen i. Dette styrer du fullt og heilt på eiga hand. Før systemet vårt sender ut fakturaen, gjer systemet oppslag i dei ulike kanalane i ei gitt rekkefølgje. Systemet sender deretter fakturaen til den øvst rangerte kanalen som er aktiv.

Rekkefølgja er slik:

  1. Avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps eFaktura
  4. Digital postkasse
  5. E-post
  6. Blankett/Papir i postkassen

Du kan lesa meir om dei ulike alternativa ved å klikka på dei nedanfor. Du finn også ein informasjonsvideo som forklarer korleis dette fungerer.

 

 

 

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med oss. Tabellen nedanfor viser aktuell kontaktinformasjon.

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen