Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ. Det vert direkte valt av folket for fire år om gongen. Kommunestyret har til vanleg møte annankvar månad, sjå møteplanen oppsett. Vanleg tidspunkt for møtestart er kl. 12.00 med møtestad i Kyrkjestova. Møta er opne for publikum.

Kvart møte har ein spørjetime der politikarar kan stille spørsmål til ordføraren. Du kan og få stilt dine spørsmål ved å få ein politikar til å stille spørsmålet for deg. Spørsmålet bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at ordføraren kan førebu seg og dermed kunna gi eit best mogeleg svar. (Sjå elles reglementet for spørjetimen).

Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ, sjå delegasjonsreglementet. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a. budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.

Kommunestyret i Vik har for dei 2 periodane 2012-2023
17 representantar.

Viktige lover:

Reglement:

 

 

Kommunestyret 2019 - 2023
Namn Parti Rolle E-post
Roy Egil Stadheim AP Ordførar roy.egil.stadheim@vik.kommune.no
Marta Sofie Vange H Varaordførar martasvange@gmail.com
Aud Marit B.Feidje AP Medlem aud.marit.berge.feidje@vik.kommune.no
Bjarne Larsen AP Medlem bjarne.larsen@sogn.no
Jens Andreas Melheim AP Medlem jens.a.melheim@gmail.com
Stig Nesbø AP Medlem stig.nesboe@gmail.com
Werner Madsgård AP Medlem lillian.mads@gmail.com
Reidunn Bolstad AP Medlem reidunn.bolstad@vik.kommune.no
Heidi Irene Rennestraum AP Medlem h-irene@frisurf.no
Bjørg Eldri Fritsvold SV Medlem bfritsvo@gmail.com
Eivind Helleland SP Medlem helleland.eivind@gmail.com
Rune Lunde  SP Medlem lurune@hotmail.com
Annette Refsdal SP Medlem annette.refsdal@vik.kommune.no
Ronny Holen SP Medlem ronnyholen@hotmail.com
Målfrid Kristin Stadheim SP Medlem fjordingen_90@hotmail.com
Tommy Halset  SP Medlem  halseten76@gmail.com
Siri W. Bøthun SP Medlem  siri@sbnatur.no
Til toppen