Kontrollutvalet skal føra kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret.
- Kontrollutvalet skal i første rekke føre samanhengande tilsyn og kontroll med forvaltninga i kommunen på vegne av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
- Utvalet kan i prinsippet ta opp eitkvart forhold ved kommunen si verksemd så lenge det kan definerast som kontroll eller tilsyn. Utvalet kan likevel ikkje overprøve politiske prioriteringar utført av kommunen sine folkevalde organ.
- Kontrollutvalet kan berre sjå til at dei vedtak som er tekne og at verksemda elles er i tråd med rettslege krav til kommunen. Det vil seie om vedtak er tekne av kompetent organ etter korrekt saksbehandling og om vedtaket er gjennomført som fastsatt. Kommunelova §23-5 viser også til at kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret.
Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1.
Kontrollutvalet har 5 representantar.
Her finn du oversikt over møter i kontrollutvalet og sakspapir.
Sekretariat
PwC - PricewaterhouseCoopers AS er sekretariat for kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under kommunedirektøren sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.
Revisjon
Vik kommune har avtale med Vestland Revisjon KO om revisjonstenester.
Nyttige lenkjer
Tilgang til sakspapir og møtebøker frå tidlegare møter kan ein få ved å henvende seg til
Vik kommune sitt postmottak
Publisert 30.07.2021 13:08
Sist endra 19.11.2024 11:02