Vik barnehage

Vik barnehage består av sju avdelingar fordelt på fem bygg. Fem avdelingar er lokalisert i sentrum, ein på Bødalen og ein på Vangsnes.

Dei ulike avdelingane

Bødalen

Ei avdeling med 18 plassar for barn mellom 0 og 6 år. Barnehagen ligg ved riksvegen og har enkel tilkomst til flotte turområde blant anna i Åsvegen. Barnehagen er omgitt av landbrukseigedommar, og det er til tider mange traktorar rundt barnehagen. Gardsdrift er ei stor inspirasjonskjelde i leiken.

Vangsnes

Ei avdeling med 18 plassar for barn mellom 0 og 6 år Barnehagen ligg i skulebygget i Tråna, som ligg flott plassert med skog og mark rett ved utgangsdøra. Barnehagen har eit stort uteområdet som gir gode mogelegheiter for leik og aktivitet heile året.

Sentrum

Barnehagen ligg ved Linn Bad. Den består av fem avdelingar i tre ulike bygg. Barnehagen har stort leikeområde med gamle frukttre.

Tripp og Trapp er avdelingar med 18 plassar (9 barn) kvar  til barn mellom  0 og 3 år.

Soria og Moria har 18 plassar til barn mellom 2 og 6 år.

Tresko har 18 plassar til barn mellom 2 og 6 år. Denne avdelinga var den fyrste som blei opna i 1977. Den ligg i det som før var doktorkontor og doktorbustad.

Årsplan

Årsplan 2023-2024 (DOCX, 5 MB)

Verdiar

Vik barnehage har tre verdiar som ligg i botnen for det arbeidet vi gjer med barna, vi legg vekt på : Tryggleik, sosial kompetanse og respekt.

Vi tykkjer det er viktig at barn skal få tid og rom til frileik inne og ute, og alle avdelingane er mykje ute i løpet av dagen.

Tilsette

Hilde- Anett Tenold er styrar i barnehagen. Liv Turid Fuglesteg er assisterande styrar plassert i sentrum og Karoline Valsvik er assisterande styrar på Vangsnes.

Alle avdelingane har ei grunnbemanning med tre stillingar; pedagogisk leiar, fagarbeidar og assistent. Dei vaksne jobbar ulike vakter. 

Samarbeid mellom avdelingane

Vi samarbeidar på tvers av avdelingane med felles songsamlingar, leikegrupper, 5 års klubb og enkelte festar.

I tillegg har personalet felles personalmøte og planleggingsdagar.

Opningstider og planleggingsdagar

Barnehagen opnar kl. 7.30 og stenger kl. 16.15. 

Barnehagen er heilårsopen. I feriar blir avdelingane slått saman. Då vil barna stort sett ha tilbod i sentrum. 

Vi har stengt julafta og nyttårsafta og stenger kl. 12 onsdag før skjærtorsdag.

Barnehagen har fem planleggingsdagar i løpet av året, desse prøvar vi så langt det er råd å legge til skulen sine feriar. Det er samarbeidsutvalget som vedtek datoane for planleggingsdagene.

Vik barnehage
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 63 00
Telefon Soria 95 12 83 27
Telefon Moria 95 14 49 29
Telefon Tripp 951 32 442
Telefon Trapp 95 04 48 47
Telefon Tresko 95 07 24 85
Telefon Bødalen 45 87 72 20
Telefon Vangsnes 47 97 79 25
Gateadresse Vik sentrum Floten 40, 6893 Vik i Sogn
Gateadresse Bødalen Bødalsvegen 313, 6893 Vik i Sogn
Gateadresse Vangsnes Trovegen 49, 6894 Vangsnes
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 07:30 - 16:15
E-post postmottak@vik.kommune.no