Barnehageplass

Vik kommune har tilbod om 50% og 100% plass i alle barnehagane. Målgruppa er barn mellom 0 og 6 år, som bur i Vik kommune. Barn som har barnehageplass i dag treng ikkje søkje på nytt om ein ikkje ynskjer å endre opphaldstid.

Meir om tenesta

Vik kommune har eitt samordna opptak for alle barnehagane. Hovudopptaket til barnehagane blir annonsert i januar/februar med søknadsfrist 1. mars. 

Vik kommune har 3 kommunale barnehagar fordelt på 5 bygg. 

  • Feios barnehage
  • Fresvik barnehage
  • Vik barnehage - avdeling sentrum / Bødalen / Vangsnes

Kven kan få tenesta?

Er barnet født mellom januar og juli har det rett til barnehageplass i august året det fyller eitt år. Fyller barnet eitt år i august, september, oktober eller november har det rett til barnehageplass månaden det fyller eitt år, mens dersom barnet fyller eitt år i desember, har ikkje barnet rett til barnehageplass før fyrstkomande august.
 
Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eige formål, opptakskrins, opptakskriterium og eigarform.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om barnehageplass. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Søk barnehageplass her

Søknadsfrist

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars. Du kan søkje barnehageplass heile året, og det vil bli tildelt plass i barnehagen dersom det er ledige plassar. 

Kva kostar det?

Maksimalpris

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. januar 2021 er 3 250 kroner per månad. 

Barnehagar
Opphaldstid Pris 2021 (satsane er fritekne for meirverdiavgift) Pris 2022 (satsane er fritekne for meirverdiavgift)
9 t kv.dag (100% plass) 3 230,- 3 050,-
9 t 2,5 dag pr veke (50%) 1 615,- 1 525,-
Kjøp av einskild dagar 270,- 270,-
Matpengar 100% plass 215,- 215,-

 

Har du fleire barn i barnehagen?

Dersom du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Det blir kalla søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, og i barnehagar med forskjellige eigarar.
Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.

For deg med låg inntekt

Det er to ordningar for hushald med låg inntekt:

  • Reduksjon i pris - ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
  • Gratis kjernetid - alle familiar med lågare samla inntekt enn 598 825 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.

Kommunen hentar inn nødvendig dokumentasjon på personane i hushaldet og om inntekta til hushaldet. Deretter fattast eit vedtak.

Informasjon om redusert foreldrebetaling ved låg inntekt

Søk på eige skjema for redusert betaling og gratis kjernetid.

Vilkår for å få tenesta

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Du kan klage dersom

  • du har fått avslag på søknaden om barnehageplass
  • du har fått plass, men ikkje fått oppfylt verken fyrste eller andre ynske
  • du har fått avslag på søknad om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid.

Du må sende klagen innan 3 veker frå du mottok avgjerda. Dersom du bruker retten din til å krevje ei grunngiving, er klagefristen 3 veker frå du mottek grunngivinga.

Dersom kommunen kjem til at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal du få tilbod om første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 08:00 - 15:00. Sommarstengt 4.7.2022 -29.7.2022.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no

Kontkatinformasjon til barnehagane finn du på denne lenka. 

Aktuelle lenker og dokument

Til toppen