Om helsestasjonstenester 0-5 årLytt til tekstenStopp avspillingAlle barn og unge har rett til helsekontrollar. Helsestasjonen har rutinar for å følge opp barnet frå fødselen med fokus på å fremja barnet si fysiske, psykiske og sosiale utvikling og førebyggja sjukdom, skade. Helsestasjonstenesta skal bidra til å styrke barn si eigenmeistring og vaksne si meistring av foreldrerolla. Tenesta tilbyr mellom anna råd, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar. Det kan vere spennande, men også utfordrande, å vite korleis du som føresett kan forstå og støtte barnet ditt best mogleg. På helsestasjonen møter du helsesjukepleiarar som kan gi deg råd og rettleiing. Vi er her for deg og barnet ditt! Når du kjem heim frå sjukehuset med eit lite spedbarn, kan det vere mykje du er usikker på. Me rår deg til å vere selektiv med tanke på kva slag informasjon du vel å leggje vekt på. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god, eller riktig. Bruk gjerne helsesjukepleiar som følger opp barnet til å kvalitetssikre det du har lese, eller høyrt. Me tilrår desse nettstadane: Helsenorge.no Bufdir.no Helsestasjonen har som mål å vera tilgjengeleg for barna og deira omsorgspersonar. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen dersom du har spørsmål, eller opplever små og store utfordringar i kvardagen med barna. Helsestasjonen har rutinar for samarbeid med helsestasjonslege, fastlege, andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Foreldre pliktar å bidra til at barnet får helsekontrollar. Tenesta er gratis. Barn og unge med langvarige og, eller samansette behov for fleire tenester kan få oppnemnt ein koordinator. Kontaktinformasjon HelsestasjonInformasjonKontaktopplysningarLeiar koodinerande einingFrøydis HagaE-postfroydis.haga@vik.kommune.noTelefon576 98 715/481 10 399OpningstidMåndag - torsdag, kl. 08.00 - 15.30BesøksadresseFlatbygdi 19, Rehabavdeling, 6893 Vik i SognPostadresseVik kommune, Koordinerande eining, Rehabavdeling, boks 134, 6891 Vik i Sogn Publisert 07.09.2022 10:39 Sist endra 20.08.2026 13:08