Koordinator
Koordinatoren er den som held oversikta og skal syta for at alle jobbar i same retning. Nokre av oppgåvene til koordinatoren er:
- Sjå til at dei ulike tenestene blir koordinert for å nå måla dine
- Kalla inn til møter
- Syte for at det vert skrive referat og lagt ein plan for vidare arbeid
- Syte for at det kjem tydeleg fram i referat og eventuelt i individuell plan kven som skal gjera kva, til kva tid
Informasjonsfilm frå Helsedirektoratet om koordinator og individuell plan
Barnekoordinator
Barnekoordinator er ei ordning for familiar der ein eller fleire av borna har langvarige og samansette behov for tenester med bakgrunn i alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Ansvaret og oppgåvene til ein barnekoordinator er noko meir omfattande då koordineringsoppgåvene gjeld for heile familien og kan starta opp før barnet er fødd. Utover det gjeld punkta som er lista opp under koordinator.
Den som vert koordinator/barnekoordinator er frå tenestene rundt deg. Ein barnekoordinator har som hovudregel helsefagleg bakgrunn.
Individuell plan
Dersom du ynskjer det, skal det utarbeidast ein individuell plan. Individuell plan er eit samhandlingsdokument som skal gje deg oversikt over måla dine, kven som har ansvar for kva, og til kva tid. Det er vanleg at koordinator kallar inn til samarbeidsmøter (ansvarsgruppemøter) i samband med oppretting, evaluering og revidering av individuell plan. I Vik kommune nyttar me i hovudsak digital individuell plan gjennom Visma Flyt Samspill. Visma Flyt Samspill er ein trygg digital plattform for samhandling og kommunikasjon mellom deg og tenesteytarane dine. Du loggar deg inn ved hjelp av BankID. Pålogging finn du her.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Kommunen nyttar eit felles skjema for søknad om helse- og omsorgstenester.
Du kan søkja via digitalt søknadsskjema på kommunen si nettside (lenke) eller skriva ut dette skjemaet . Du kan også ta kontakt med tilsette i kommunen og få søknadsskjema der. Dersom du treng hjelp til å fylla ut søknad, kan du ta kontakt med Koordinerande eining eller andre tilsette i kommunen. Om du er under 16 år, eller ikkje har beslutningskompetanse, søkjer pårørande/føresette/verje/fullmektig på vegne av deg.
Du kan gje andre fullmakt til å søkje for deg. Fullmakta finn du her. Fullmakta må skrivast ut og signerast av deg som søkjar. Signert fullmakt må leggjast ved søknaden.
Send utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:
Vik kommune
Koordinerande eining
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert handsama etterkvart.
Kva kostar det?
Ordninga koordinator/barnekoordinator er gratis.
Vilkår for å få tenesta?
Det er behovet ditt for koordinering som avgjer om du kan få koordinator/barnekoordinator.
Sakshandsamingstid
Koordinerande eining skal handsama meldinga så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Dersom du ikkje får innvilga koordinator/barnekoordinator og individuell plan av Koordinerande eining, kan du senda klage til Sakshandsamar i Vik kommune, Boks 134, 6891 Vik kommune.
Du kan også klage på
- At du ikkje får utarbeidd ein individuell plan
- At du ikkje får vera med på å utforma planen
- At planen ikkje vert følgt opp
- At du manglar koordinator, sjølv om du har fått vedtak på det Kontaktinformasjon
Dersom avslaget vert oppretthalde, kan du senda klage til Statsforvaltaren i Vestland.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker