Meir om tenesta
Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine. Normalt vil vi komme på heimebesøk.
Viss du oppfyller kriteria for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar.
Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post.
Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.
Send søknad her (elektronisk).
eller
Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027" her.
Pris på langtidsopphald
Korttidsopphald opptil 60 døgn - 193 kroner per døgn i 2024. Korttidsopphald blir fakturert på etterskot månad for månad.
Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn - Eigenandelen blir regnet ut på bakgrunn av inntektene dine og dine personlege økonomiske forhold. Du betaler som hovudregel 75 prosent av alle inntekter inntil folketrygdas grunnbeløp. Grunnbeløpet i folketrygda er frå 1. mai 2024 er 124 028 kroner. Frå grunnbeløpet trekker me frå et fribeløp på 10 000 kroner.
Av alle andre inntekter utover folketrygdas grunnbeløp, betaler du 85 prosent etter at skatt, eventuelle gjeldsrenter og andre frådrag er trekket frå.
Inntekt inkluderer pensjon, frå folketrygda, pensjon frå andre pensjonsordningar, arbeids- og næringsinntekt, leigeinntekter og renteinntekter.
Har du ektefelle, sambuar eller barn under 18 år, kan du få frådrag i grunnlaget for eigenandel (forsørgjarfrådrag) .
NAV pensjon trekker kvar månad eigenandel for langtidsopphald frå trygda eller pensjonen din. Dersom pensjon frå NAV etter skatt ikkje dekker heile eigenandelen, sender Vik kommune faktura på restbeløpet.
Forsørgjarfrådrag
Dersom du har ektefelle, sambuar, eller mindreårige barn som bur heime, får du som hovudregel frådrag i eigenandelen. Dette frådraget skal dekke din del av bu utgifter til felles bustad.
Frådraget blir redusert dersom ektefelle eller barn har eigen arbeidsinntekt eller mottek pensjon frå folketrygda.
Bebuar tildelt langtidsopphald ved Vik Helse – og Omsorgssenter med heimebuande ektefelle får ikkje frådrag for buutgifter. Derimot får heimebuande ektefelle dekka utgifter til felles bustad gjennom forsørgjarfrådrag.
Deling av dobbeltrom. Dersom du får plass i dobbeltrom, kan det trekkast det frå eit fribeløp på 48.300 kroner årleg. Dette gjeld for alle langtids- og korttidsopphald over 60 døgn på dobbeltrom.
Kva dekkar langtidsopphald finn du her. (PDF, 113 kB)
Vilkår for å få tenesta?
Det er behovet ditt som avgjer om du kan få tenesta. Kommunen har eiga forskrift med vilkåra for tildeling av plass på sjukeheim.
Endringar i inntekt og etteroppgjer
Eigenandelen for opphald på institusjon, kan bli endra når kommunen får kjennskap til endringar i din personlege økonomi. Det er derfor viktig at du gir oss beskjed kvar gang når inntektene dine eller skatten din endrar seg. Vik kommune vil då fatte nytt vedtak og betaling.
Etteroppgjer
Vik kommune føretek kvart år etteroppgjer i forbindelse med skatteoppgjeret. Viktig at teneste mottakar sender kopi av skatteoppgjeret til kommunen. Etter at opphaldet er slutt, vil det bli føretatt et sluttoppgjer.
Restbeløp etter berekning. Dersom du har fått et stort restbeløp etter berekning av etteroppgjeret, er dei mest vanlege årsakene:
• Du har fått auka inntekt eller reduserte frådrag ( til dømes skatt).
• Du har fått auka /etterbetalt pensjon.
• Du har betalt formueskatt. Sidan me ikkje krev eigenbetaling av formue får du heller ikkje frådrag for skatt på formue.
• Pensjonen din frå NAV er endra. (til dømes frå arbeidsavklåringspengar til uførepensjon).
• Du har betalt skatt på gevinst ved sal av aksjar og verdipapir. Sidan me ikkje krev eigenbetaling av gevinst, får du heller ikkje frådrag for skatt på gevinst.
• Du har hatt høgre kapitalinntekter (renter, utbytte) enn det som har vore stipulert i gjeldande vedtak.
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Opplysningsskjema eigenbetaling institusjon:
• For at me skal kunne rekna rett eigenandel for opphaldet ditt, treng Vik kommune dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.
• Dersom du mottek alderspensjon eller uføretrygd frå NAV, treng du ikkje å sende dette.
• Dokumentasjon på pensjonsutbetaling frå privat pensjon, offentleg tenestepensjon og pensjon frå utlandet må sendast inn.
• Siste tilgjengelege skatteoppgjer.
Om du har heimebuande ektefelle treng Vik kommune i tillegg:
• Ektefelles/sambuars siste lønnsslipp eller dokumentasjon på ytingar eller trygd frå NAV. Dersom du mottek alderspensjon eller uføretrygd frå NAV, treng du ikkje å sende dette.
• Ektefelles/sambuars siste tilgjengelege skatteoppgjer.
Om du ikkje kan søke digitalt, bruk skjema nedanfor
Oppgåver over innteksforhold (PDF, 214 kB)
Orientering om eigenandel for opphald (PDF, 258 kB)
Ofte stilte spørsmål
Dersom du er ansvarleg forskifte eller er ektefelle til bebuar, vil du motta eit brev med informasjon frå kommunen (orienteringsbrev til buet). Der vil det bli forklart kva dokumenter kommunen treng for å kunne foreta etteroppgjer (sluttoppgjer) for opphald på institusjon.
For at kommunen skal kunne foreta eit sluttoppgjer vil me be deg om å sende inn følgjande dokumentasjon:
- Kopi av skifteattest med eventuelt tilhøyrande fullmakter eller uskifteattest
- Kopi av skatteoppgjer
- Buet sitt kontonummer for overføring av eventuelt beløp til gode. Endeleg økonomisk oppgjer mellom buet og kommunen blir føretatt etter at opplysningar er mottekne av oss.
Dei mest vanlege årsakane kan vere:
- Du har fått auka inntekt, eller redusert frådrag (for eksempel skatt)
- Du har fått auka/etterbetalt pensjon
- Du har betalt formueskatt. Sidan me ikkje krev eigenbetaling av formue får du heller ikkje frådrag for
skatt på formue - Din ytelse hjå NAV er endra (for eksempel frå arbeidsavklaringspengar til uførepensjon)
- Du har betalt skatt på gevinst ved sal av aksjar og verdipapir. Sidan vi ikkje krev eigenbetaling av
gevinsten, får du heller ikkje frådrag for skatt på gevinsten - Du har hatt høgre kapitalinntekter (renter, utbytte) enn det som har vært stipulert i løpande vedtak
Me har ikkje eit søknadsskjema i samband med dekking av buutgifter.
Bebuar med heimebuande ektefelle/sambuar - ved langtidsopphold blir det ikkje gitt frådrag for buutgifter. Forsørgjarfrådraget for heimebuande ektefelle/sambuar vil dekke buutgifter.
Fyll ut og send inn opplysningsskjema om bebuar, og send inn eventuell fullmakt. Har du framtidsfullmakt må du også sende inn legeerklæring som bekreftar at framtidsfullmakten har tråd i kraft.
For å kunne berekne eigenbetaling trenger vi nokre opplysningar.
Send inn:
- Inntekt - siste lønnslipp eller ytingar/trygd frå NAV (dette gjelder ikkje vis du berre mottar alderspensjon eller uføretrygd)
- Pensjonsutbetalingar - frå privat pensjon, pensjon frå utlandet eller offentleg tenestepensjon.
- Har du heimebuande ektefelle/sambuar? - ektefellens/sambuars lønnsslipp og inntekt frå NAV (dette gjelder ikkje vis
ektefelle/sambuar berre mottar alderspensjon eller uføretrygd)
Vik kommune/VHO
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
All informasjon vil gå direkte til bebuar.
Pårørande eller anen juridisk person kan få faktura, brev eller betalingsvedtak. Da må me få
tilsendt eit av følgjande:
- Skjema opplysningar om bebuar/pårørande (skal være signert og datert)
- Framtidsfullmakt med kopi av legeerklæring
Dersom du er verje, ber me om å få tilsendt verjefullmakt.
Viss du ynskjer at brev og faktura frå oss skal sendast til pårørande, må du sende inn opplysningsskjema om bebuar eller fullmakt. Skjemaet må være signert av bebuar, eller nærmaste pårørande.
Korttidsplass
Me fakturerer etterskotsvis. Det vil sei at dersom du har opphald på institusjon vil faktura bli sendt månaden etter at opphaldet har funne stad. På denne måten veit me kor mange dagar du har vore på institusjon i den aktuelle månaden, og du blir fakturert for rett antall dagar.
Langtidsplass
Er du på langtidsplass, vil me trekke eigenbetaling direkte frå din pensjon. Trekket går via NAV pensjon, men kun for heile månadar. Dersom du har fått tildelt langtidsplass midt i ein månad, vil me sende faktura for dei dagane du har vore på institusjon den fyrste månaden. Faktura sender me etterskotsvis, det vil sei månaden etter at du fått tildelt langtidsplass.
Nokon mottek faktura i tillegg til eigenbetaling som trekker direkte frå pensjonen. Fakturaen skal dekke inn overskytande beløp dersom du har pensjon i tillegg til det du får frå NAV. Faktura blir sendt etterskotsvis, det vil sei månaden etter at opphaldet har funnet stad.
Etteroppgjer
Vi fattar vedtak om eigenbetaling framover i tid. Eigenbetalinga bygger derfor på en foreløpig berekning. Når skatteoppgjeret for det aktuelle året er tilgjengeleg, gjer me en kontrollberekning av
eigenbetalinga. Denne kontrollberegningen er eit etteroppgjer kor du kan ha betalt for lite, og mottek en faktura med restbeløp, eller du kan ha betalt for mykje, og få eit beløp til gode.
Etteroppgjer er en kontrollberekning for eit helt år, det vil sei alle døgn du har vært på institusjon det aktuelle året. Når ein bebuar på institusjon avslutta opphaldet i løpet av året, er denne kontrollberegningen eit sluttoppgjer fram til opphøyrsdato.
Det kan skje at NAV har trekt betaling for opphaldet i din pensjon, og at du har mottatt ein faktura i din nettbank slik at det er gjort trekk frå din bankkonto den same månaden. Det betyr ikkje nødvendigvis at du har betalt dobbelt for opphaldet.
Viss du for eksempel har fått innvilga langtidsopphold, og begynner å betale frå midten av februar, sender me faktura for februar og trekker vederlag/eigenbetaling i din pensjon frå NAV frå og med mars.
Trekk i din pensjon frå NAV gjelder opphaldet for inneverande månad, mens me sender ut faktura månaden etter at opphaldet har funnet sted/etterskotsvis.
Etteroppgjeret er ein kontrollberekning av betaling for opphaldet (eigenbetaling) det aktuelle året.
For å få gjennomføre denne kontrollberekninga legg me til grunn opplysningar om dei faktiske inntektene og skatten som kjem fram av skatteoppgjeret for det aktuelle året. Sidan me er avhengig av å ha tilgang til skatteoppgjeret for å foreta kontrollberekninga, kan ein dessverre oppleve at vedtaket om etteroppgjer kan komme 1-2 år etter. Me får tilgang til ditt skatteoppgjer på eit seinare tidspunkt. Me vil oppfordre til å sende inn kopi av skatteoppgjer så fort ein mottek dette. På denne måten vil me kunne få behandle di sak raskare. Det siste året du er på institusjon forrettar me eit sluttoppgjer. Dette er det endelege oppgjeret for di eigenbetaling for institusjonsopphald. Du betaler for kvart døgn du har opphald på institusjon det aktuelle året, heilt fram til dato du blir utskriven.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker