Kreftomsorg

Vik kommune har tilsett Ellen T. Harbakk som kreftkoordinator i 20% stilling. Ho er arbeidar i denne stillinga torsdagar i oddetalsveker og fredagar i partalsveker, og ho har kontor på legekontoret. Ellen starta i jobben 01.01.2024.

Pasientar/pårørande som ynskjer hjelp frå kreftkoordinator må sjølve ta kontakt direkte eller via legekontoret. De kan få gjort avtale direkte, eller bli ringt tilbake. Om ein ikkje ynskjer å ta kontakt sjølv, kan ein be pårørande, lege eller nokon andre gjere det. Kreftkoordinatoren tek ikkje kontakt dersom pasienten sjølv ikkje ynskjer det.

På lenkja her finn de informasjons-skriv (PDF, 183 kB)

Koordinatoren kan kontaktast torsdagar i oddetalsveker og fredagar i partalsveker.

Kontaktinformasjon Ellen T Harbakk:
Arbeid: 576 98700
Mobil: 915 22 564
E-post: ellen.terese.harbakk@vik.kommune.no