Tuberkulose er ein infeksjon som kan råke fleire organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose, som kan vere livstrugande. Undersøkinga er ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og bekjempe tuberkulose.
Kven må ta tuberkuloseundersøking?
Personar har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking dersom dei:
• Kjem frå eit land med høg førekomst av tuberkulose og skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader.
• Har arbeidd i helsevesenet i eit land med mykje tuberkulose, sjølv ved kortare opphald.
• Skal arbeide innan helse- eller barneomsorg (til dømes som helsepersonell, lærarar, barnehagetilsette, studentar eller au pairar) etter å ha opphalde seg meir enn tre månader i eit slikt land.
Les meir om kva land som har høg førekomst av tuberkulose.
Når skal undersøkinga gjennomførast?
• Flyktningar og asylsøkarar: innan 14 dagar etter ankomst til Noreg.
• Helse- og barneomsorgstilsette: før tilsetjing eller praksisstart.
• Arbeidsinnvandrarar frå land med mykje tuberkulose: så snart som mogleg, helst innan 4 veker etter innreise.
Kva inneber undersøkinga?
Tuberkuloseundersøkinga består av røntgen av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkuloseundersøkinga er gratis, inkludert transport til sjukehuset.
For tilvising til tuberkuloseundersøking ta kontakt med Vik legekontor
Telefon: 576 98 700
Adresse: Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post: Vik.Legekontor@vik.kommune.no
Arbeidsgivar har eit ansvar
Arbeidsgivarar som tek inn arbeidskraft frå land med høg førekomst av tuberkulose, blir oppmoda til å kontakte Vik legekontor for å melde behov for undersøking, slik at denne kan gjennomførast tidleg. Arbeidsgivar må ta med eller sende utfylt skjema per post til Vik legekontor. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast per e-post.
Dersom arbeidstakaren kjem tilbake årleg, kan undersøkinga avgrensast til nytt lungerøntgen kvart 2. år eller ved symptom. For å få fritak frå årleg røntgenundersøking, må arbeidsgivar sende skriftleg dokumentasjon til kommuneoverlegen. Same skjema som over skal nyttast.
Ved godkjent dokumentasjon kan kommuneoverlegen fatte vedtak om røntgen kvart 2. år eller ved symptom.
Arbeidsgivarar for tilsette i helse- og barneomsorga har plikt til å sørgje for at tuberkuloseundersøking (lungerøntgen) er gjennomført før oppstart i stillinga. Arbeidsgjevarar kan nytte FHI Mal for egenerklæring: Tuberkuloseundersøkelse før arbeid innen barneomsorg, helse- og omsorgstjenesten.
Korleis kan du klage?
Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smittevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.
Aktuelle lenker