Meir om tenesta
Tenesta jobbar med kartlegging, samtalar, omsorg og oppfylgjing til personar over 18 år. I praksis dreier det seg om støttesamtalar, hjelp til medikamenthandtering og ulik grad av miljøarbeid med praktisk hjelp til daglege livsaktivitetar. Tenestene vert individuelt tilpassa.
Det er ca. to stillingsheimlar i dagtilbodet (frå kl 08.00 – 15.30) som yt teneste i form av kartlegging, støttesamtalar med ulike samtaleteknikkar, oppfylgjing i ulik grad og pårørandesamarbeid. Psykisk helse og rusteneste har og ei bu- og miljøteneste med tre stillingsheimlar som syt for miljøteneste til brukarar med langvarige og samansette behov. Desse får og tilbod om individuell plan og ansvarsgruppe. Bu- og miljøtenesta yt tenester i turnus kvar dag frå kl 08.00 – 20.00.
Psykisk helse er representert i psykososialt kriseteam.
Kven kan få tenesta?
Tenesta gir tilbod til vaksne over 18 år med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem, frå lettare til meir alvorleg grad. Du sjølv, pårørande eller andre faginstansar kan ta kontakt.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Psykisk helse og rusteneste held til i Vik helse- og omsorgssenter. Tenesta er open vekedagar mellom 08.00-20.00. Ta kontakt på telefon 909 90 116.
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Vilkår for å få tenesta?
Du må bu i kommunen eller opphalde deg her, og ha eit behov som tenesta kan hjelpe deg med.
Tilsette i tenesta har teieplikt.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker