Digitale tenester frå bibliotektenesta

Her finn du eit oversyn over digitale tenester du kan nytte medan biblioteka er stengt. Det er frå 25. mars 2020 mogeleg å tinge nasjonalt lånekort digitalt via Nasjonalbiblioteket si nylanserte teneste.

Meir om tenesta

Fleire av tenestene krev at du har eit nasjonalt lånekort og pinkode. Dette får du ved å kontakte  Vik folkebibliotek v/Mona Svendsen på tlf.: 924 52 063 eller på e-post: mona.svendsen@vik.kommune.no

Korleis kan du søkje på tenesta?

Nasjonalt lånekort digitalt kan du skaffe deg ved å registra seg på nb.bib.no (følg lenka her). Tenesta krev at du identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.). For å få tilgang til tenester ved biblioteka i Vik må du kontakte biblioteket ditt.

Kvar kan du bruke tenesta?

Bookbites e-bøker

Med appen Bookbites får du tilgang til e-bøker og e-lydbøker på nettbrettet eller telefonen din. For å bruke tenesta treng du nasjonalt lånekort og pinkode. 
Bookbites

Pressreader 

Med appen "PressReader" kan du lese aviser og tidsskrifter frå meir enn 100 land på nettbrett, smarttelefon eller pc. Les dei på biblioteket sine pc'er, eller last dei ned til eiget nettbrett eller smarttelefon og ta med deg heim. For å laste ned avisene må du vere kobla på biblioteket sin wifi. Pressreader

Filmbib

Filmbib er ein streamingteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Den er gratis å bruke, men du trenger nasjonalt lånekort og pinkode for å få tilgang. Du kan laste ned appen Filmbib eller sjå direkte på www.filmbib.no.

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker for vaksne og barn på arabisk, bosnisk, kroatisk, serbisk, persisk, somali, tigrinja og tyrkisk. Det er også eit lite utvalg lydbøker på arabisk og persisk. Verdensbiblioteket er gratis å bruke og opent for alle i Norge, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.
Verdensbiblioteket

Bokhylla (Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek)

500.000 digitaliserte norske bøker frå år 2000 og bakover, 30.000 tidsskrifter, 250.000 bilder og over 2 milloner aviser. Det meste av tenesta er ope for alle norske IP-adresser. På biblioteket vil du få tilgang til fleire bøker og aviser som er nyare enn år 2000.
Bokhylla

Bibsøk

Biblioteksøk er ei felles søketeneste for biblioteka i heile landet. Her kan du søke og bestille bøker me ikkje har på biblioteka i kommunen. Bøkene vert sendt til Vik med transport ein gong i veka. Du får beskjed frå biblioteket når boka har kome inn og er klar for henting. Du kan også velge å hente boka på eit anna bibliotek. For å bruke tenesta må du ha nasjonalt lånekort og pinkode.
Bibsøk

 

Litteraturtips

Fleire bibliotek tilbyr litteraturtips gjennom bloggar, podcastar og video. Her finn du nokre av dei:

 

Tips til born og ungdom

 

 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka.

Til toppen